– Me hadde ein person innom i dag som var under 16 år og hadde bestilt andre dose. Vedkomande måtte gå att utan å få vaksine, seier kommunalsjef Britt Ellinor Scott i Time.

Aldersgruppa 12-15 år fekk frå starten av september tilbod om éin dose med koronavaksine. Fleire skal dei ikkje ha – i alle fall ikkje førebels.

– Må vera slik

Men det finst foreldre på Jæren som har oppdaga at det går an å bestilla dose nummer to til sine unge.

– Det er foreldra som må logga seg på systemet med sitt personnummer, så der kan det ikkje leggjast inn noko sperre. Og så er det slik at enkelte i gruppa 12 til 15 år – dei som er spesielt utsette – skal kunna få to dosar. Derfor må det vera slik at datasystemet opnar for dose nummer to til denne aldersgruppa. Og så er det opp til foreldra å sørgja for å ikkje bestilla fleire vaksinedosar enn det dei unge skal ha, seier Scott.

– Me har også kontrollrutinar på vaksinasjonssenteret, slik at folk ikkje får fleire vaksinar enn det dei skal ha. Aldersgruppa 12-15 kan som hovudregel få ein dose per i dag. I aldersgruppa 16-17 er den generelle tilrådinga to dosar. Eg håpar at folk passar på og ikkje bestiller vaksinar ut over det dei skal ha, for det bind opp unødvendig med tid og ressursar, legg Scott til.

Time, Klepp og Hå brukar alle den nasjonale tenesta Remin til å handtera bestillingar av koronavaksine.

Ny vurdering på veg

Det er opna for to vaksinedosar til unge mellom 12 og 15 år som sjølve har alvorleg grunnsjukdom, eller som bur saman med nokon som er spesielt sårbare.

For gruppene med spesielle behov kan det tilbys spesialtilpassa vaksinar til barn heilt ned til fem år. Det finst ikkje godkjende koronavaksinar for barn under fem år.

Rundt 78 prosent av dei unge i aldersgruppa 12 til 15 har teke imot tilbodet om éin dose med vaksine, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Mot slutten oktober vurderte FHI, på oppdrag frå regjeringa, om det skulle opnast generelt for ein andre dose for unge mellom 12 og 15 år. Konklusjonen blei å venta på meir kunnskap, og å gjera ei ny vurdering ved årsskiftet. Ei slik vurdering er førebels ikkje offentleggjord.

– Me har ikkje høyrt noko om dette enno, me heller. Kanskje kjem det noko når regjeringa skal presentera nye tiltak seinare denne veka, seier kommunalsjef Britt Ellinor Scott.

Barn og unge blir for øvrig svært sjeldan ramma av alvorleg koronasjukdom.