NYTT FLEIRTAL: Ein del av det nye fleirtalet i Klepp-politikken, avbilda under forhandlingsmøtet 10. september, der dei blei samde om å samarbeida. Sigmund Rolfsen (Ap) (nummer to frå venstre) blir ny ordførar, Kjetil Maudal (Frp) (til høgre) blir varaordførar. Thorbjørg Isafold Kristjansdottir (MDG) kjem til å bli mykje å sjå i formannskapet, som første vara for dei sju representantane frå fleirtalssamarbeidet. Torbjørn Hovland (KrF) blir leiar og Arne Madland (Frp) blir nestleiar for helse og velferd. Kolbjørn Sandve, SV sitt eine kommunestyremedlem (til venstre), skal ikkje sitja fast i noko utval. I staden vel SV å setja inn sine 1. og 2. vara i desse verva. (PS: Også Sp og FNB blei seinare på kvelden etter valkvelden tekne inn i fleirtalssamarbeidet.)
Foto: Åge Bjørnevik