Flott at de offentleg syner dykkar sanne ansikt om kva de meiner om bønder, deira økonomi, norsk matproduksjon og vern av jord.

Det er mykje lettare å forhalde seg til eit parti/politikarar som tydeleg seier kva dei meiner i staden for å prøve gøyme seg bak det som er politisk korrekte synspunkt i dagens samfunn.

Alle parti uttaler at jordvern er viktig og at vi treng norsk landbruk, svært lite viser igjen i praksis. Fint om de kan oppfordra partifellene dykkar i nabokommunane til å gjera det same!

Då er det lettare å vite kven eg skal stemme på ved valet neste haust!

Det er ein absurd og egoistisk tanke at bonden skal gi bort jord grunna subsidier. Eg eig ikkje jorda på min eigedom, den er berre til låns. Mitt ansvar er å forvalte jorda slik at den gir oss og komande generasjoner mat på bordet.

Klepp Høgre ønsker å vere framtidsretta som Rettedal.

Framtidsretta i 2022 er ikkje å bruke jorda til kraftkrevande industri. DET er i høgste grad å sage av greina vi sit på!

Les også

Kunnskapslaust av Klepp Høgre