Eit søk på Arthur Løvvik i Jærbladets arkiv gjev mange treff, særleg i perioden 1985 til 1993, då han først sat fire år som ordførar i Time og deretter fire år som rådmann i same kommunen.

Men KrF-politikaren sette spor etter seg i det som var heimkommunen hans store delar av livet, både før og etter den perioden. Det blei mellom anna grundig dokumentert i Time Historielag si årbok for 2021, der Reidun Gudmestad presenterte Løvik gjennom eit grundig intervju.

Arthur Løvik vaks opp i Flekkefjord, men kom til Bryne som ung mann våren 1949. Her fekk han jobb som telegrafist på Bryne stasjon, og stillingstittelen endra seg fleire gonger dei godt 20 åra han jobba ved stasjonen.

I vaksen alder tok Løvik økonomisk gymnas som privatist ved sida av jobben, og bygde også på vidare med lærarhøgskule i handels- og kontorfag.

Frå 1971 jobba han som lærar ved handelsskulen på Bryne, som etter kvart blei ein del av Time vidaregåande skule. Då han slutta der, hadde han stillinga som studieinspektør.

Frå tidleg på 1970-talet var han også kommunestyrerepresentant, og i 1985 blei KrF-politikaren valt til ordførar i Time. Det var heiltidsjobben hans fram til 1989.

Etter at han gjekk av som ordførar, blei han rådmann i Time i fire år. Før han blei fulltids pensjonist, fungerte han også som kyrkjeverje i Time ei stund.

Det var særleg kulturlivet som fekk nyta godt av Løvik sitt engasjement som pensjonist. I 2007, då han nærma seg 80 år, fekk han Time kommune si høgaste kulturutmerking: kulturprisen Timeglaset.

– Då eg gjekk av som rådmann i 1993 og var ferdig med eit politisk liv, bestemte eg meg for at eg ikkje skulle bli sitjande med hendene i fanget. Når ikkje klokka lenger bestemte over livet mitt, måtte eg finna på noko anna å gjera, sa han i eit intervju med Jærbladet i den samanhengen.

Løvik var kjend som ein dyktig kåsør og ein stor formidlar av tekstar, og særleg Arne Garborg og Ivar Aasen stod hjarta hans nær. Han var ein viktig pådrivar både for Garborgjubileet i 2001 og for framveksten av Nasjonalt Garborgsenter på Bryne.

Løvik hadde også ein stor eigen skriftleg produksjon. Han har mellom anna skrive bok om historia til Jærbanen, om Time elektrisitetsverk, om utviklinga i Time herad og om alle frå Time som utvandra til Amerika.

Tre år etter at han kom til Bryne, gifta han seg med Målfrid Aarrestad frå Årrestad i Time, som han faktisk trefte tilfeldig i heimbyen Flekkefjord. Dei fekk tre søner, og etter kvart også både barnebarn og oldebarn.

Arthur Løvik blir gravlagd frå Time kyrkje fredag 13. mai.