Ved midnatt, natt til sundag, fekk politiet melding om slagsmål på Bryne stasjon. Fleire personar var involverte i hendinga.

Politiet var raskt på staden, opplyser Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

– Det er oppretta sak, men ingen er pågripne ennå, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen sundag morgon.

Politiet ber om opplysningar

Ein person som er mistenkt for å ha svinga slaga mot den fornærma, skal ha sprunge frå staden før politiet kom, i retning Storgata.

Fenne-Jensen opplyser at saka skal etterforskast vidare. Operasjonsleiaren ber vitne eller folk som har opplysningar om saka, om å kontakta politiet.