Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett ved Hå sjukeheim smitta: Ti i karantene

Ein tilsett ved Hå sjukeheim har testa positivt for covid-19.

– Fem tilsette og fem bebuarar ved same avdeling er dermed sett i karantene, opplyser Hå kommune i ei pressemelding.

Den tilsette var på jobb tysdag, onsdag og torsdag i sist veke, og fekk symptom fredag. Smittekjelda er ukjent. Personen er ikkje tilknytt det aktuelle ungdomsmiljøet som har hatt fleire smittetilfelle dei siste dagane.

– Det er ei avgrensa mengde nærkontaktar i dette tilfellet, og situasjonen er dermed oversiktleg, seier fungerande kommuneoverlege Anders Madsen.

Det vil foreløpig ikkje bli nokre endringar i besøksrutinane ved Hå sjukeheim.