– Me er gjort merksame på at innbyggarar vert oppringde frå personar som seier at dei ringer frå eit firma som heiter Norsk radonservice, og at huseigarar er pålagde å måla radon. Dette er ikkje avtale som er inngått med Time kommune og er svindel, skriv Time kommune på nettsida si torsdag.

– Det er berre krav om måling dersom du leier ut bustad eller delar av bustad. Elles er det berre ei anbefaling, heiter det vidare i meldinga.

Det er altså all grunn til å vera forsiktig.

Og for ordens skuld: Jærbladet har sjekka med Brønnøysundregistra, og det finst ikkje noko firma i det heile med namnet Norsk radonservice.

Det har også vore andre, tilsvarande saker i regionen, mellom anna melde Dalane Tidende sist veke om ein mann på Hellvik som hadde fått ei tilsvarande henvending – med "tilbod" om at staten skulle ta noko av rekninga og han sjølv skulle betala 3000 kroner for radonmåling, som ifølgje seljaren var pålagt. Mannen på Hellvik lukta lunta og let seg ikkje lura.

Det finst ein eigen bransjeforeining for firma som driv med radonmåling. Den heiter Norsk Radonforening, og på nettsida radonforeningen.no finst det lister over medlemsbedrifter og kor i landet dei enkelte tek på seg oppdrag.

Norsk Radonforening oppmodar også folk om å undersøkja nøye dersom aktørar driv med oppsøkjande sal av radonmålingar.

Radon er ein usynleg og luktfri gass, som blir danna kontinuerleg i jordskorpa, og som enkelte stader kan siva inn og hopa seg opp inne i hus. Dersom det er mykje radon, kan det vera nødvendig med bygningsmessige tiltak for å hindra gassen frå å koma inn. Radon gjev auka risiko for å utvikla lungekreft.