På nettsida si melder Time kommune no at det vert drop-in vaksinering for aldersgruppa 65 år og eldre (fødde i 1957 og tidlegare) på rådhuset desse tidspunkta:

  • Torsdag 11. august kl. 09.30-14.30
  • Tysdag 16. august kl. 12.00-18.00
  • Fredag 19. august kl. 10.00-14.00

– Det er ikkje mogleg å bestilla tid, møt opp på det tidspunktet som passar deg best, melder kommunen.

Time kommune tilbyr også folk å bestilla time til gratis fjerdedose på Apotek 1 Viben på Bryne, og frå veka som startar 5. september er dei i gang att på Apotek 1 Kverneland.

Time har hatt allereie i fleire veker hatt drop in-vaksinesenter i rådhuset for innbyggjarar over 75 år, og det har også vore mogeleg å få fjerdedosen på apotek.

I Hå planlegg dei vaksinesenter for folk over 75 år i august, med følgjande stader og tidspunkt:

  • Vigrestad legekontor 23. august og 30. august klokka 15.30-19.40
  • Nærbø helsesenter 18. august og 25. august klokka 16.00-20.00

Det er også mogeleg å bestilla vaksinering på Apotek 1 Heilo på Nærbø og Ditt Apotek Vigrestad, som begge set vaksinar ein dag i veka no.

Klepp

I Klepp har dei no vaksinert alle over 75 år i institusjon, pluss at resten av innbyggjarane denne aldersgruppa har tilbod om å vaksinera seg på Apotek 1 Lerka på Jærhagen måndagar og fredagar.

Klepp planlegg å starta vaksinering av aldersgruppa 65+ frå 1. september, og skriv på nettsida at dei kjem tilbake med meir informasjon om den praktiske gjennomføringa av dette.

Folkehelseinstituttet tilrår at alle over 65 år tek ein fjerde dose med koronavaksine.

Det same rådet går til folk mellom 18 og 65 med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp. FHI skal koma tilbake med meir informasjon om tidspunkt for oppstart for fjerdedosane til denne gruppa.