Bufellesskapet huser personar som lever harde liv, der utfordringar med psykisk sjukdom og rus tar stor plass og fortrengjer mykje anna. Dei lever liv som tærer på kropp og helse - liv med kroniske sjukdommar.

Virksomhetsleiar Bjarte Sælevik i Time kommune innrømmer at det er utfordrande for kommunen å både trygga nabolaget og personar i ein sårbar situasjon.

– Me har hatt jamlege møte med vellaget og kjenner godt til problemstillingane som nabolaget føler på, seier Sælevik.

Tett dialog

Sælevik fortel vidare at kommunen har ein tett dialog med både Jæren DPS og politiet og at det har blitt sett inn tiltak. Blant anna har kommunen ei avtale med politiet om besøk i området.

I tillegg er vektarselskapet Avarn Secutity AS også leigd inn og er innom kvar dag for å gi ei ekstra tryggleik i nabolaget. Overvakingskamera er også på plass for å sikra kommunen meir kontroll.

– Me har forståing for at enkelte episodar er både skremmande og utfordrande, og me ønskjer å gjera det me kan for at sånne episodar ikkje skal oppstå, seier Sælevik og poengterer at kommunen har kontinuerleg og tett oppfølging av dei som bur i bufellesskapet.

Meiner kommunen står i ein spagat

Sælevik seier vidare at mykje står og fell på lovverket, der enkelte personar hamnar mellom to stolar – dei er for sjuke til å straffast, samtidig som dei ikkje er sjuke nok til å dømmast til tvungen psykisk helsevern.

– Dette er personar som er så sjuke at dei ikkje kan setjast bak låste dører i eit fengsel. Lova for psykisk helsevern kan halda folk tilbake ved tvang, men denne gir ikkje mandat til å setja folk inn på grunn av mindre alvorlege lovbrot, seier han og legg til at kommunen aleine ikkje kan halda folk tilbake med tvang.

– Viss me gjer det, kan me bli dømde for det og ein sjukepleiar kan mista retten til å utøva yrket sitt. Samtidig har me plikt til å driva naudsynt helsehjelp, seier Sælevik om spagaten kommunen står i.

– Nabolaget legg ansvaret på kommunen. Vår oppgåve er å tilby samtalar, omsorg og helsehjelp, seier Sælevik som sjølv har bakgrunn som psykiatrisk sjukepleiar.

Lovverket og Husbanken

Husbanken har tilskotsordningar for bustader av den typen som er bygd på Bryne. Med tilskotet følgjer også krav. Krav til nærleik til offentleg transport, sentrum, butikkar og apotek, for å nemna nokre. Ifølgje Sælevik er det derfor ikkje bare-bare for kommunen å byggja ein slik bustad langt frå alt av naboar.

– Dette er menneske som er likeverdige alle andre, men det er også menneske med ekstra store behov for helsetenester. Kommunen sitt mandat er å stille opp for desse personane. Dei har ikkje alltid så mange andre som gjer det, seier Sælevik og legg til at det nok er mange som jobbar opp mot denne gruppa som føler dei ikkje strekker til.

– Me som sit med ansvaret for oppfølginga i det kommunale helsesystemet manglar i enkelte saker noko for å koma i god nok posisjon til å hjelpa. Derfor meiner eg at lovverket potensielt kan føra til omsorgssvikt, seier Sælevik og utdjupar:

– Om ein innbyggar som er psykisk sjuk bryt lova kan kriminalomsorga vurdera at vedkomande ikkje kan straffast grunna sin psykisk liding. Samstundes kan ikkje psykisk helsevern bruka tvang for å straffa dei som gjer mindre alvorlege lovbrot. Sjølv om me i slike tilfelle ønsker å hjelpa, kan me ikkje tvinga innbyggjaren til å ta imot dette. Me er avhengige av at personen har tillit til oss, og lar oss koma i posisjon til å hjelpa. Dersom vedkomande ikkje ønsker å ta imot det me kan tilby, kan det i nokre tilfelle potensielt føra til at kommunen ikkje klarer å yta den omsorga som innbyggjaren har behov for.

I eit møte mellom kommunen, politiet og nabolaget i april i år, uttalte Sælevik at kommunen kjenner seg makteslaus og at det er lovverket som må utfordrast.

Bufellesskap som arbeidsplass

Det aktuelle bufellesskapet har rundt 20 tilsette fordelte på 12 årsverk i turnus.

– Mange har jobba her frå starten og trivst godt. Det er eit tilbod med svært høg, fagleg kompetanse, seier han.

Sælevik legg likevel ikkje skjul på at det også er ein utfordrande plass å jobba. Han viser til ein modell han kallar ei omsorgstrapp, der brukarane i slike bufellesskap som det på Bryne er på nest øvste trinn. Heilt øvst er bebuarar ved sjukeheimar.

Bufellesskapet er sett saman av ni bueiningar og eit fellesareal. Dei som bur her er leigetakarar og betaler leige til kommunen på lik linje med dei som bur i andre kommunale bustader, men hjelpenivået her er eit anna.

Grunnen til at Time kommune bygde desse bustadene, var målet om å gi ei sårbar gruppe ein trygg plass å bu.

– For å klara seg og ha verdige liv, står trygg bustad øvst på lista, seier Sælevik og viser til ei brukarundersøking.

– Eit tilbod som bufellesskapet på Bryne er det beste me kan tilby dei som har slike behov, seier Sælevik og viser til at alternativet kan vera å bu i ein kommunal bustad i ei bygd, utan den tette oppfølginga som er mogleg i ein bustad med døgnbemanning vegg i vegg.

Avdelinga til Sælevik leverer tenester til 57 personar med utfordringar knytt til både psykisk helse og rus per første tertial 2021.