Time kommune gjekk over 100 millionar i pluss
Time legg fram eit overskot utanom det vanlege for 2021: heile 107 millionar kroner. – I mine 36 år som økonomisjef har eg ikkje opplevd å levera frå meg eit så høgt driftsresultat, seier økonomisjef Aud Steinsland.