– Beredskapen i Time er eit føredøme

Time kommune får ros etter Fylkesmannens tilsyn med beredskapen i november.

DEL

- Time kommune er blant dei beste kommunane innan samfunnstryggleik og beredskap i Rogaland og er ein kommune som Fylkesmannen på fleire område trekkjer fram som eit døme for andre kommunar, konkluderer Fylkesmannen, som ikkje har funne ein einaste alvorleg mangel å setja fingeren på.

Fylkesmannen konkluderer med at beredskapsarbeidet i Time har god forankring både i administrativ og politisk leiing, og at relevante personar på tvers av avdelingane blir involvert under leiing av beredskapskoordinator. Time sitt heilskaplege og systematiske arbeid blir særleg trekt fram. Detaljerte og konkrete vurderingar av ulike risikoar blir systematisk innarbeidd i overordna planar.

– Kommunen har låg terskel for å etablere kriseleiing og har over fleire år vist at dei kan handtere ekstraordinære situasjonar og krisehendingar. I etterkant av hendingar og øvingar blir det gjort grundige evalueringar som også bidreg til å sikra ei kontinuerleg forbetring av beredskapen i kommunen. I øvingane inviterer kommunen gjerne med fleire enn berre den verksemda som skal øvast slik at også andre kan ha nytte av og læra av øvinga, konkluderer Fylkesmannen i rapporten.

Det er etablert eit samarbeid om samfunnstryggleik og beredskap med kommunane Gjesdal, Klepp og Hå, der Time har ifølgje rapporten har ein viktig pådrivarrolle.

Fylkesmannen registrerer at kommunen brukar det digitale krisestøtteverktøyet CIM i mindre grad enn før, og oppfordrar dei til å sjå på dette ein gong til. Dei peikar også på at beredskapskoordinatoren har ein sentral rolle i arbeidet, og at kommunen ville bli mindre sårbar med ein fast varaperson til å handtera ting dersom koordinatoren ikkje skulle vera til stades.

Artikkeltags