Bil tok fyr på Lye

Brannvesenet kom raskt til staden då det måndag ettermiddag byrja å brenna i ein bil på Lye.

DEL

Politiet fekk melding om brannen ved 13.30-tida 2. pinsedag.

- Bilen stod i ro då det oppstod brann i motorrommet. Kjøretøyet var berre nokre meter frå næraste bustadhus, opplyser Thomas Thue, politiførstebetjent ved Jæren lensmannskontor.

Det er uvisst kva som er grunnen til at kjøretøyet tok fyr.


Artikkeltags