Politiet om dødsfall på Bryne: – Ingenting straffbart

Torsdag døde ein person etter eit fall på Bryne.

DEL

– Det er ingenting som tyder på at det har skjedd noko straffbart i samband med dødsfallet, seier Hans Kyllingstad, leiar for etterforsking og etterretning ved Jæren lensmannskontor.

Politiet sperra torsdag av delar av Bryne sentrum etter at ein person hadde falle frå ei bustadblokk. Det var vitne til hendinga og fleire sprang til for å hjelpa, men personen døde.


Artikkeltags