Familien Førland fekk overraskande julebesøk

JULEBUKK: Julie, var namnet bukken fekk.

JULEBUKK: Julie, var namnet bukken fekk. Foto:

Det var Frode og Iren Førland frå Unge spor som tysdag fekk storfint besøk.

DEL

– Nå har bukken funne vegen heim att, seier Frode Førland i 19-tida tysdag.

Eigaren, som er frå Pollestad, gjorde seg til kjenne etter at bilde av julebukken vart lagt ut på Facebook.

Politiet la ut etterlysing på Twitter, og timane gjekk. I mellomtida la familien Førland fram halm, i tilfelle han vart nøydd til å overnatta.

Ungane rakk å gje bukken namnet Julie, og baud på vatn og gulrøter.

Sliten gjest

Juleførebuingane i familien blir i liten grad endra som følgje av besøket, ettersom bukken stort sett oppførte seg fint.

Besøket varte i seks timar, frå klokka 12 til 18.

– Bukken var litt sliten, fordi han hadde sprunge langt, fortel Frode Førland og humrar.

Før bukken tok seg ein lengre kvil i Grødelandsvegen, skal han ha besøkt handelslaget i Orre sentrum og fleire andre hagar.

Artikkeltags