Gourmetbakeri har gått konkurs

Eit lønnskrav på 32.000 kroner er bakgrunnen for konkursen ved Gourmet Bakeri AS, blir det opplyst frå Jæren tingrett.

DEL

Verksemda har hatt adresse i Tjødnavegen 13 på Bryne.

Saksøkte møtte ikkje då konkurssaka blei behandla i Jæren tingrett.

Advokat Harald Øglænd er oppnemnd som bustyrar. Skiftesamling skal haldast den 15. august.

Artikkeltags