Grisen på Bryne er heime hjå eigaren igjen

SKULEGRIS: Ungar i Kong Magnus gate på Rosseland ved Bryne kom over den svarte grisen ved Rosseland skule. Grisen fulgte etter dei heim, og no er eigaren etterlyst på Facebook.

SKULEGRIS: Ungar i Kong Magnus gate på Rosseland ved Bryne kom over den svarte grisen ved Rosseland skule. Grisen fulgte etter dei heim, og no er eigaren etterlyst på Facebook. Foto:

Gry Iren Vik på Rosseland ved Bryne melder like før klokka 23.00 måndag kveld at den svarte, folkekjære grisen er heime igjen.

DEL

Gry Iren Vik bur i Kong Magnus gate ved Bryne. Ungar som bur i same gate, kom over grisen utanfor Rosseland skule måndag.

– Grisen fulgte etter dei heim. Då eg kom frå arbeid måndag ettermiddag, var grisen blitt mata med gulerøter og anna, og han var heilt i hundre, fortel Gry Iren Vik, som etterlyste eigaren av grisen på Facebook.

Ho fortalde vidare at grisen er tam og glad i folk.

Artikkeltags