Time-politikarane tykte likevel det var greit med Greater Stavanger

Formannskapet sa nei, men i kommunestyret var det fleirtal for å bli verande i Greater Stavanger.

DEL

Mot sju stemmer gjekk kommunestyre tirsdag kveld inn for bli verande i næringssamanslutningen Greater Stavanger, som si ti år har koordinert og samarbeida om strategisk næringsutvikling i eit partnerskap der 16 kommunar i regionen er med.

LES OGSÅ:

Time må ut med kring 650.000 kroner i året for å vera med i samanslutningen. Mange meiner dei har fått lite igjen for pengane.

Då saka var oppe i formannskapet, var det fleirtal for å melda seg ut av Greater Stavanger. Då saka blei endeleg avgjort i kommunestyret, hadde stemninga snudd, og Time blir verande i Greater Stavanger.

Også Klepp og Time har sagt ja til å vera med vidare i Greater Stavanger.

Artikkeltags