Familien til Maren Ueland opprettar stiftelse i hennar namn

Dommen mot mennene som drap Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen er venta torsdag. No har familien til Maren Ueland oppretta ein stiftelse i hennar namn.

DEL

Torsdag skal rettssaken mot mennene som drap Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen den 17. desember i fjor opp i eit nytt rettsmøte, ifølgje NRK. Dommen er venta etter rettsmøtet.

Påtalemyndigheita har bedt om dødsstraff for dei tre mennene som er tiltalt for å ha drepe venninnene. Familien til Maren Ueland ønsker ifølgje bistandsadvokaten ikkje å uttale seg om eventuell straff, skriv NRK.

– Målet for familien er at dette aldri må skje igjen. Dei har tillit til det marokkanske rettsvesen, og reknar med at det blir ein rettferdig dom, fortel bistandsadvokaten til Maren Ueland, Ragnar Falck Paulsen.

Ønsker å æra dottera

NRK melder også at familien til Maren Ueland er i ferd med å oppretta ein stiftelse i hennar namn. Dei har eit ønske om å vidarebringa tankesettet og livssynet ho hadde då ho levde.

– Det handlar om å behandla kvart menneske som eit individ, og ikkje gruppere kvarandre. På denne måten ærar dei Maren, samtidig som dei vidareførar arbeidet hennar, seier Falck Paulsen.

For augneblinken er ikkje stiftelsen formelt på plass, men arbeidet er i full gong. Familien ser for seg at stiftelsen vil arbeide i Noreg og Marokko, i tillegg til andre stader i verda.

– Dei vil arbeide for at ingen skal bli utsett for det same som Maren, og ønsker å rehabilitere og opplyse. Utfordringa no vil vere å skildre kva målet med stiftelsen er, og velje ut kva område dei skal prioritere, seier Falck Paulsen.

Vil truleg anka dommen

Bistandsadvokaten trur dei 24 personane som blei stilt for retten i høve drapa vil anka dommen. Dei har sagt at dei vil anka, dersom dei tre tiltalte blir idømt dødsstraff. Familien har ikkje kravd erstatning i første rettsrunde, men Falck Paulsen fortel at dei ikkje har fått fullstendig informasjon om kva som har skjedd.

Artikkeltags