Bil køyrde av vegen

UTFORKJØRING: Bilføraren var åleine i bilen som kjørte av vegen.

UTFORKJØRING: Bilføraren var åleine i bilen som kjørte av vegen. Foto:

Bilføraren blei truleg lettare skadd då ein bil køyrde av vegen mellom Bryne og Ålgård natt til fredag.

DEL

Utforkjøringa i Ålgårdsvegen blei meldt til politiet klokka 00.52 natt til fredag. Bilføraren var åleine i bilen som køyrde av vegen ovanfor Lye. Politiet opplyser på Twitter at personen i bilen truleg blei lettare skadd.

Politiet tok seg til staden, medan brannvesenet snudde før dei kom fram. Ein bilbergingsbil frå Viking frakta bilen som var køyrt i ein stein på utsida av vegen, til Forus.

Andreas Slettebø ved Jæren lensmannskontor seier at det ikkje er snakk om rus. Det er oppretta sak for aktlaus køyring.

Artikkeltags