Vasstrukken og langvarig traktortrekking

10. august 2019, kl. 21:12

Kraftige regnbyger gjorde at det blei dryge pausar då norgescupen i traktortrekking blei arrangert på Håland ved Bryne laurdag. Planen var å vera ferdig klokka 19.00, men to timar seinare var framleis store kjøretøy i aksjon. – Me har dispensasjon til å kjøra til klokka 23.00, og eg reknar med at me vil vera ferdige til den tid, seier Anette Årvik, økonomiansvarleg i Jæren Tractorpulling.