I kommunedirektøren sitt forslag til økonomiplan ligg det store investeringar i idrettsanlegg, vann og avløp, styrking av skulane, utviding av Kvernaland omsorgssenter og investering i grøn energiproduksjon.

Budsjettet for 2023 er på om lag 1,7 milliardar kroner, noko som er om lag 200 millionar meir enn i 2022.

Det er sett av om lag ein milliard til investeringar i perioden 2023–2026 til mellom anna idrettsanlegg, vatn og avløp og nye omsorgsbustadar.

– Det er mykje som er bra i Time. Det skal me ta vare på, samstundes som kommunen skal forbetra seg og bidra til eit lokalsamfunn det er godt å leva i. Me legg fram denne økonomiplan i ei tid prega av usikkerheit. Det påverkar kommunen sin økonomi og krev prioriteringar, seier kommunedirektør Trygve Apeland i ei pressemelding.

Styrking av skulane

Agenda Kaupang la nyleg fram ein rapport om tilstanden i Timeskulen. Der kom det mellom anna fram at det er god kvalitet på tenestene skulane leverer, men at det er utfordringar knytt til dei økonomiske rammene.

Rapporten anbefaler at kommunen enten tilfører ekstra midlar til skulane eller legg ned ein eller to skular.

Kommunedirektøren foreslår å gå for førstnemnde alternativ, og har lagt inn ei auka på nærare ti millionar til skulane:

– Rapporten viser at skulane våre har god kvalitet og låge kostnadar. Eg foreslår at me i budsjettet for 2023 aukar rammene til skulane med til saman 9,7 millionar, for å sikra at den gode kvaliteten på skulane held fram, seier Apeland.

I perioden fram mot 2026 er det i tillegg lagt inn 61 millionar til rehabilitering av Hognestad skule.

I videoen under kan du sjå heile budsjettpresentasjonen:

Fleire sjukeheimsplassar

Eit viktig satsingsområde i Time er å legga til rette for at eldre kan bu heime lengst mogleg.

Gode heimetenester, dagsentertilbod, kvardagsrehabilitering, omsorgsløn og velferdsteknologi er viktige tiltak for å nå dette målet.

Samtidig vil det i perioden vera behov for fleire omsorgsplassar grunna auke i talet på eldre. Kommunedirektøren tilrår derfor å utvida Kvernaland omsorgssenter med 16 nye omsorgsbustadar og varslar behovet for ein ny sjukeheim.

Skyv på investeringar

Høg prisstigning og aukande rente har medført at kommunedirektøren føreslår å utsetta fleire investeringar. Likevel er 310 millionar kroner sette av til investeringar for 2023.

– Det er fleire store igangsette investeringar som skal fullførast, som for eksempel bygging av Bryne storhall. Kalkylane for investeringsprosjekta er betydeleg høgare enn i førre økonomiplan og rentenivået er om lag tre gonger så høgt som me planla for på dette tidspunktet i fjor. Dette får konsekvensar for planlagde prosjekt, mellom anna ny symjehall på Bryne. Sjølv om ingen ønsker å utsetta bygging av ny symjehall, må me ta omsyn til dei økonomiske realitetane. Me planlegg nå for byggestart i 2026.

Vatn og avløp

Det er sett av om lag 250 millionar til investeringar i vatn og avløp i perioden. Slike prosjekt vert finansiert av kommunale avgifter etter sjølvkostprinsippet, men i ein situasjon der innbyggarane har auka kostnadar på mange andre område, har det vore arbeidd med å vurdera kva som kan utsettast også her:

– Me har gjort ein grundig vurdering av kva prosjekt som har kome for langt til å stoppast og skyvd på dei som kunne utsettast. Samtidig påverkar den auka renta kostnadane for allereie utførte investeringar, og bidreg på den måten til å auka dei kommunale avgiftene. Det same gjer dei auka straum- og byggekostnadane, seier Apeland.

Straum og energisparing

Norge og Europa står overfor ein energikrise som òg påverkar Time kommune. Det er allereie tatt fleire grep for å redusera straumforbruket til kommunen, og fleire tiltak vil koma.

Mellom anna skal prosjektet med å skifte til LED-lys på kommunale lyktestolpar framskundast og ferdigstillast i løpet av 2023. Kommunedirektøren vil også investera 14 millionar kroner i grøn energiproduksjon og diverse ENØK-tiltak:

– Som kommune har me eit viktig samfunnsansvar. I likskap med alle andre må me gjera det me kan for at energiforbruket vårt går ned. Me vil også investera i fleire solcellepanel slik at me sjølv kan produsera endå meir av den straumen me brukar, seier han.

Denne videopresentasjonen har kommunen laga: