Bedrift opplevde ruteknusingar to dagar på rad

To personar er sikta etter ruteknusingar og tjuveri frå Bryne Plast.

DEL

Onsdag morgon kasta nokon ein stein og knuste eit vindauge hjå Bryne Plast på Bryne. Politiet fekk melding om hendinga rundt 06.00.

Torsdag morgon var det igjen ei knust rute i firmabygget. Denne gongen hadde nokon teke seg inn i bygget og stole ein datamaskin og ein skjerm.

Same dag fann politiet tjuvgodset på ei adresse. To menn er sikta for hærverk og tjuveri. Dei to er i 30-åra og 40-åra.

Bedrifta held til på industriområdet Håland på Bryne.

Artikkeltags