Politiet åtvarar: Kostbart utstyr er stole frå fleire traktorar.

GPS-utstyr er stole frå anleggsmaskinar og traktorar fleire stadar i regionen.

DEL

På eitt døgn er det registrert minst tre tilfelle av tjuveri av dyrt GPS-utstyr frå anleggsmaskinar og traktorar. Det opplyser Politiet i Sør-Vest.

Det er meldt frå om tjuveri på Bryne, Ålgård og Sandeid.

Politiet oppfordrar eigarar av slikt utstyr til å vera ekstra forsiktige og ta forholdsreglar.

Sakene er nå under etterforsking og politiet vil derfor ikkje gå ut med fleire opplysningar.


Artikkeltags