Politiet ransaka eit hus i Hå og fann stolen lommebok

Onsdag oppsøkte politiet ei adresse på Vigrestad på jakt etter ei stolen lommebok.

DEL

Politiet mistenkte ein mann frå Vigrestad å stå bak eit tjuveri av ei lommebok med kontantar. Lommeboka vart meldt stolen frå ein butikk onsdag.

Onsdag kveld møtte politiet opp heime hjå den mistenkte mannen.

I ransakinga av bustaden fann politiet den stolne lommeboka. Dei fann også dei stolne pengane.

Mannen vil bli meldt for tjuveri.


Artikkeltags