Gå til sidens hovedinnhold

To nye smitta i Hå

To personar i Hå har fått påvist covid-19, melder Hå kommune på sine heimesider.

Tysdag (20. juli) testa to nye bebuarar på Hå sjukeheim positivt på covid-19, etter at alle bebuarar og tilsette vart testa på ny. Ingen nye nærkontaktar er sette i karantene.

Sist veke testa tre tilsette og to bebuarar ved sjukeheimen positivt.

Dei fire bebuarane som er korona-smitta er flytta til ein eigen etasje.

Sist smittetilfelle i Hå var 17. juli.