Kvart over tre fredag ettermiddag, melder Rogaland brann og redning om ei «trafikkulukke» nær Horpestad gartneri. Nærmare bestemt i krysset mellom Horpestadvegen og Brautvegen.

Politiet melder kort tid etter at to bilar er involverte i det dei omtaler som eit «trafikkuhell». Ved trafikkuhell er det ikkje personskadar.

– Begge bilane blir taua inn, og så får etterforskinga visa kva som er årsaka, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Rune Tallaksen.

Han har ikkje opplysningar om at det var andre involverte, enn dei to førarane. Dei skal ikkje vera skadde.

Store materielle skadar

Alle naudetatar rykka ut, inkludert brannmannskap frå Bryne brannstasjon. Bergingsbil vart bestilt.

Personbilane måtte tauast frå staden, og særleg éin av bilane fekk omfattande skadar, opplyser Rune Tallaksen.

Vegtrafikksentralen melde om redusert framkost ved krysset, ein innringar melde om kø.

Manuell dirigering

Vanlegvis flyt trafikken i 60 km/t på Fv 4456. Etter trafikkuhellet, måtte politiet dirigera trafikken gjennom krysset.

– Me er framleis på staden med to politibilar, som driv manuell dirigerering. Trafikken går sakte forbi, seier Tallaksen klokka halv fire.

Politibilane drog frå staden 16.12, då bilane var taua bort. Det blir oppretta sak, fordi ein bilane truleg braut vikeplikta.

Frå klokka ti på halv fem var det igjen fri ferdsel på Fv 4456 Horpestadvegen, melde Vegtrafikksentralen vest.