Kontrollen vara i rundt to timar. På den tida vart ti bilistar stoppa. Ni av desse fekk forenkla førelegg, medan ein mista sertifikatet.
Høgaste målte fart var 87 km/t. Det er 60-sone på strekninga.
Dei ti er langt ifrå dei einaste bilistane som har fått kjenna det i lommeboka etter for høg fart på vegen den siste tida.
I sist veke skreiv Jærbladet at 53 fartssyndarar er tatt på kort tid.
Utrykkingspolitiet varsla i starten av juli at dei ville intensivera talet på fartskontrollar, og at Jæren ville bli særleg prioritert.
Det er eit løfte dei har halde.
Slik er grensene for førerkortbeslag under normale forhold
- 30-sone: 56 km/t
- 40-sone: 66 km/t
- 50-sone: 76 km/t
- 60-sone: 86 km/t
- 70-sone: 106 km/t
- 80-sone: 116 km/t
- 90-sone: 126 km/t
- 100-sone: 141 km/
- 110-sone: 151 km/t

Les også