To ulukker på fv44 i Hå på kort tid: Politibil krasja under utrykking

To ulukker med 500 meters avstand like før og like etter 12.00 onsdag.

DEL

Den eine ulukka skjedde sør for avkøyrsla til Varhaug. Den andre like nord for Varhaug.

Den nordre ulukka skjedde fyrst, like ved Lerbrekk gamle skule. Her var det ein lastebil og ein personbil som kolliderte.

Kort tid etter kolliderte to personbilar 500 meter lengre sør for den fyrste ulukka.

Politiet opplyser i ei pressemelding like før 13.00 at det er ein politibil som har krasja under utrykking.

Politiet opplyser at det er snakk om lettare personskadar i begge ulukkene.

Det skal vera svært glatt på ulukkesplassane.

– Begge bilane har fått store materielle skadar, seier operasjonsleiar Toralv Skårland i politiet.

Politiet sin innsatsleiar på staden, Morten Helland, opplyser overfor Jærbladet at saka kjem til å bli etterforska på vanleg måte, og at Spesialeininga for politisaker er varsla om hendinga.

MATERIELLE SKADER: Politibilen har fått seg ein trøkk på høgre sida framme.

MATERIELLE SKADER: Politibilen har fått seg ein trøkk på høgre sida framme. Foto:

Artikkeltags