Huset i Vatnamo er kvitmåla og 95 år gammalt. Det var bestefaren som i si tid bygde det. Orkidear pyntar opp i vindauga, og hagen syner at her er det snakk om ein eigar med stor interesse for det som veks og gror.

På veggen i stova heng bilde av familien i generasjonar.

Med i turgruppe

– I 2011 restaurerte eg huset og førte det tilbake til det opphavlege. Vindauge, kledning og tak blei skifta. Det var ei travel tid der eg hadde kjøleskåp og mikrobølgjeomn på kvisten, fortel Torild Helene.

Dagane er fulle av gjeremål, sjølv om ho er pensjonist.

– Ungane ler av meg, sidan eg lager lister over kva eg skal gjera dei ulike dagane. Eg liker å vera i aktivitet, og eg er veldig glad i å gå tur. Eg er med i ei turgruppe i Egersund, som møtest fast og går tur, uansett korleis været er.

Ho er også glad i å skapa ting med hendene. Ho måler bilde og produserer pyntekransar. I løa som høyrer til garden, har ho eit rom der ho held på med hobbyane sine.

– Eg søkte på kunstskulen ein gong, men kom ikkje inn. Då blei det heller hjelpepleiar for meg.

Til Voss som 20-åring

Torild Helen Vatnamot hadde ein god oppvekst i lag med foreldra og den tre og eit halvt år yngre systera.

– Foreldra våre visste ikkje det beste dei kunne gjera for oss. Me var med og arbeidde på garden der me hadde kyr, griser, høns og sauer. I tillegg hadde me åker med grønsaker, så me var sjølvforsynt med det meste, fortel Vatnamot.

Ho gjekk folkeskulen på skulehuset i Holmane, og ho hugsar åra på den to-delte skulen som ei god tid.

– Me var fleire klassar i eit rom, og me fekk følgja med på kva dei større elevane lærte, fortel jubilanten, som i dag er leiar i Holmane gamle skules vellag.

Etter å ha gått på folkehøgskule på Solborg i Stavanger, reiste ho til Voss for å utdanna seg til hjelpepleiar.

– Eg var 20 år gammal og kjende ingen på Voss. Men eg søkte meg dit sidan eg ville oppleva noko nytt. Det synte seg at to frå folkehøgskulen også hadde søkt seg til same utdanninga.

Feirar i fleire dagar

På Voss møtte ho Arne frå Sogndal som ho gifta seg med. Han arbeidde som offiser i hæren og dei flytta til Evje i Setesdal der han var stasjonert.

Ho likte seg både i Setesdal og på Voss, sjølv om ho sakna sjøen. Ekteparet fekk ei dotter som no er 41 år, og ein son som er 38.

Etter ei tid flytta familien til Vatnamo der dei bygde seg hus like ved foreldreheimen hennar. Ho fekk seg arbeid på sjukehuset i Egersund.

I 1977 døydde faren brått. For Torild Helen og ektemannen innebar det at dei måtte overta garden på dagen. Dei dreiv garden i ti år.

På slutten av 1980-talet blei dei skilde. Eigedommen er no forpakta ut.

Torild Helen Vatnamot er med i Hå Frp. Ho følgjer aktivt med i alle politiske debattar både i Hå og i Egersund.

– Dess eldre eg blir, jo meir oppteken blir eg av eldreomsorg. Ei veldig forsømt gruppe, er folk som slit med rus og psykiske problem. Eg bur i Hå, men berre 500 meter frå kommunegrensa til Eigersund, og eg føler meg mest som ein eigersundar. Eg har også arbeidd mykje i Egersund, og det er også ei årsak til at eg kjenner meg heime der, seier Torild Helen Vatnamot.

70-års dagen skal feirast fleire dagar til ende.

– Eg skal ha eit selskap med vener og eit med familien før sjølve dagen. Og så får eg besøk frå ei venninne frå Oslo som eg gjekk i lag med på folkehøgskulen på Solborg. Me har halde kontakten i alle år seinare, fortel jubilanten.