Bil lasta med 250 kilo dynamitt kolliderte i Klepp

Ingen personar kom til skade då to bilar, den eine med tilhengar med 250 kilo dynamitt, kolliderte tysdag ettermiddag.

DEL

– Etter det me har fått opplyst, var det aldri nokon fare for at dynamitten skulle gå av, seier Arild Oftedal, politioverbetjent ved Jæren lensmannskontor.

Samanstøyten mellom dei to bilane skjedde ved 15.30-tida tysdag, nær tunnelen i Klepp. Det blei berre materielle skadar etter samanstøyten.

Festet på tilhengaren blei øydelagt, og det utvikla seg til kø, sidan hengaren blei ståande og sperra trafikken.


Artikkeltags