Motorsyklist kolliderte med bil på smale Ålgårdsvegen

SMALT: Lokalkjende trafikantar kjenner godt til den smale svingen der ulukka skjedde tysdag. Bildet er eit arkivfoto og viser ikkje køyretøya som var involverte i kollisjonen.

SMALT: Lokalkjende trafikantar kjenner godt til den smale svingen der ulukka skjedde tysdag. Bildet er eit arkivfoto og viser ikkje køyretøya som var involverte i kollisjonen. Foto:

Ulukka tysdag kveld skjedde på den smale Fv. 506 Ålgårdsvegen, rett nord for Høylandsvatnet.

DEL

– Det som har skjedd, er at bilen og MC-en har møttest i ein skarp sving på veg mot Melsvatnet. Det er eit smalt parti som er ganske dårleg der, ved avkøyrselen opp til vindmøllene og Åsenvatnet, seier operasjonsleiar ved Sør-vest politidistrikt, Jostein Reiestad.

Svingen vil vera kjent for alle som har passert Lye i retning Ålgård, og i motsett retning, sidan vegstrekket er eitt av få der det ikkje er plass til to køyretøy i breidda.

Politiet varsla om ulukka tysdag klokka 20.27, og melde på Twitter at føraren av motorsykkelen hadde fått nokon skrubbsår. Han har sklidd på asfalten etter å treft bilen, opplyser operasjonsleiaren. Både bilen og motorsykkelen fekk materielle skadar i kollisjonen.

– Ikkje høg fart

– Det ser ikkje ut til å ha vore høg fart. Det kan derfor sjå ut som eit uhell som me ikkje kjem til å oppretta sak på, og at dei fyller ut skademelding sjølve, seier operasjonsleiar Jostein Reiestad.

Politi, ambulanse og brannvesen rykka ut til ulukka. Ambulansepersonell undersøkte motorsyklisten på staden, før dei returnerte utan å ta han med seg. Mannen er i 20-årsalderen og verka for det meste uskadd, opplyser operasjonssentralen ved Sør-vest politidistriktet.

Politiet gjorde vitneavhøyr på staden, etter at dei andre naudetatane var reiste. Det er ikkje mistanke om promille.

Planar om utbetring

Saman med Vegvesenet har Time kommune planar om å utbetra det uoversiktlege krysset der ulukka skjedde. I budsjettet for 2019 ligg det inne ei oppgradering av krysset mellom Åsenvegen og fylkesveg 506 Ålgårdsvegen.

I dag er det berre mogleg å svinga til høgre når du kjem ned Åsenvegen. Med eit nytt kryss, cirka hundre meter sør for dagens kryss, skal det bli mogleg å køyra både mot Lye/Bryne og Ålgård. Utbetringa til 14 millionar skal finansierast i eit spleiselag mellom Vegvesenet og kommunen, på vilkår at dei kjem til semje med grunneigar.

Artikkeltags