Tre bilar var involverte i uhellet, som vart meldt kvart på fire, og som skuldast påkøyrsel bakfrå.
Føraren av den bakarste bilen fekk førarkortet sitt beslaglagt på staden.
Éin time etter påkøyrslane, var to personar av køyrde til legevakt for sjekk. Éin person vart sjekka av lege på staden.
Politiet gjennomførde avhøyr og gjorde undersøkingar på staden fram til klokka halv fem.
Då vart den manuelle dirigeringa avslutta, og trafikken gjekk som normalt. Politiet melder at dei vil oppretta sak.