Mann lettare skadd etter bilulukke i Klepp

Bilen låg på taket i krysset mellom Øksnevadvegen og Engelsvollvegen

Bilen låg på taket i krysset mellom Øksnevadvegen og Engelsvollvegen Foto:

Bilføraren, ein mann i 20-åra, såg ut til å vera lettare skadd etter at bilen han kjørte hamna på taket seint sundag kveld.

DEL

Bilføraren har forklart at han svinga unna eit dyr og trefte ein stein, opplyser politiet på Twitter.

Bilen låg på taket i krysset mellom Øksnevadvegen og Engelsvollvegen.

Føraren var åleine i bilen.

Foto:

Vegen var i ein periode heilt stengt i begge retningar etter ulukka.

Det blei også skader på eit gjerde under samanstøyten.


Artikkeltags