Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke i Time

Artikkelen er over 1 år gammel

To bilar kolliderte front mot front i Skredbergvegen i Time klokka 14 søndag ettermiddag.

Det var ein person i kvar bil, og begge er køyrd til Stavanger universitetssjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er ukjend, men begge førarane er bevisste, melder politiet på Twitter.

Den eine bilen skal ha fått det eine hjulet ut i vegkanten. Då føraren - ei ung kvinne i slutten av tenåra - prøvde å retta opp bilen, frontkolliderte ho med ein motgåande bil, som vart kjørd av ein mann i 60-åra.

Det vart store materielle skader på bilane. Trafikken forbi staden måtte dirigerast manuelt til bergingsbilane hadde fått fjerna dei to bilvraka. Ved 16-tida søndag opplyser operasjonsleiar hos Sør-Vest politidistrikt at dei har avslutta oppdraget på ulukkesstaden, og at trafikken går som vanleg.

Skredbergvegen går mellom Åsland og Fjermestad i Time kommune - i området mellom Kvernaland og Figgjo/Ålgård.