Treng du nokon å snakka med? Time har oppretta eit eige team til deg

HJELPETELEFON: Time kommune, med koordinator for tverrfagleg arbeid, Ragnhild Hobberstad, i spissen, har oppretta ein hjelpetelefon.

HJELPETELEFON: Time kommune, med koordinator for tverrfagleg arbeid, Ragnhild Hobberstad, i spissen, har oppretta ein hjelpetelefon. Foto:

Time-teamet svarar telefonar frå mandag til fredag.

DEL

Tilbodet opna onsdag morgon og har oppe kvar vekedag frå 09.00 til 21.00.

– Time-teamet er ein hjelpetelefon for ungar og vaksne som tykkjer det er vanskeleg nå. Det er for dei som er bekymra, dei som er redde eller einsame og kjenner at dei treng nokon å snakka med, seier Ragnhild Hobberstad, koordinator for tverrfagleg arbeid i Time kommune.

Ho fortel at teamet er sett saman av tilsette på tvers av kommunale etatar og nemner familiesenteret, fritid, PPT, barnehage og barnevernet.

Førebels er hovudfokuset å få ut informasjon om at tilbodet finst.

– Alle kan ringja. Ingenting er for lite og ingenting er for stort. Det er stødige, trygge vaksne i andre enden, seier Hobberstad og legg til at dei som ringjer vil bli henvist vidare viss dei har behov for det.

Ho fortel at tanken bak er at det på grunn av situasjonen med koronaviruset nå er mange ungar og vaksne heime.

– Kvardagen er snudd på hovudet. For nokon kan det vera vanskeleg å gå ut av dei vante rutinane. Nokon bekymrar seg, nokon er redde og leie. Då kan ein trengja å snakka med nokon som har tid og lyst til å lytta, seier Hobberstad.

Telefonnummeret til hjelpetelfonen er 51776262.

KOORDINERER: Ragnhild Hobberstad er glad for at Time kommune nå kan tilby hjelp per telefon.

KOORDINERER: Ragnhild Hobberstad er glad for at Time kommune nå kan tilby hjelp per telefon. Foto:

Artikkeltags