Skuleelevar har samla inn millionbeløp

INNSAMLING: Prosjektleiar i russen Marie Pettersen, lærar og tidlegare Etopia-misjonær Torbjørn
Honnemyr og økonomileiar i russen Torger Skrettingland med innsamla beløp til Etiopia.

INNSAMLING: Prosjektleiar i russen Marie Pettersen, lærar og tidlegare Etopia-misjonær Torbjørn Honnemyr og økonomileiar i russen Torger Skrettingland med innsamla beløp til Etiopia. Foto:

Tryggheim-russen har samla inn 1,2 millionar kroner til misjonsprosjekt i Etiopia.

DEL

– Dette er ufatteleg. Det er eit fantastisk beløp som har blitt samla inn i løpet av skuleåret. Det er stort å ta imot den store gåva på vegne av vennane mine i Etiopia. Tusen hjarteleg takk for innsatsen, sa tidlegare Etiopia-misjonær Torbjørn Honnemyr, som i dag arbeider som tømrarlærar på Tryggheim vidaregåande skule. Det var han som tok i mot sjekken på vegne av Norsk Luthersk Misjonssamband på den årlege avslutningsfesten for avgangselevane på Tryggheim vgs.

– Stort

Overrekkinga var høgdepunktet for dei 700 festkledde gjestene og summen førde til ein spontan ståande applaus.

– Vi har arbeidd med å samle inn pengar til misjonsprosjektet gjennom eit heilt skuleår. På vegne av russen vil eg takke elevar, lærarar og vennar av Tryggheim som har bidratt. At ungdommar vel å bruke fritida si på prosjektet, er stort, sa Marie Pettersen.

Årets innsamlingsaksjon har vore eit samarbeid mellom elevrådet og russen ved skulen. Tryggheim-elevane har samla inn millionbeløpet gjennom å halde arrangement som misjonsløp, basar og fotballcup.

Ti millionar på ti år

Innsamlingsaksjonen støttar skuleeigaren Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Etiopia. Dei innsamla midla skal mellom anna finansiere helserelatert arbeid for å få ned mødrer- og barnedødelegheita. NLM støttar også utviklingsprosjekt for å betre levevilkåra på den etiopiske landsbygda. Desse prosjekta dreier seg om vatn, landbruk og utdanning.

Tryggheim-elevane samlar kvart inn pengar og sidan skuleåret 2008/09 har det til saman blitt samla inn rundt 10 millionar kroner.



Artikkeltags