Turgåar fann stolen trehjulssykkel

FUNNEN: Ein turgåar fann denne sykkelen ståande like ved ein undergang. Sykkelen vart stolen frå Bryne sentrum natt til sundag. Foto: Jorunn Erga Steinsland
Artikkelen er over 1 år gammel
Ein trehjulssykkel for vaksne vart stolen frå Bryne sentrum natt til sundag.
Sykkelen stod parkert utanfor Thime Station, men var vekke då eigaren skulle heim.
Sykkelen er eit hjelpemiddel som eigaren er avhengig av på grunn av sjukdom.
Tjuveriet vart meldt rundt 00.45 natt til sundag og politiet gjekk ut og bad publikum om hjelp. Det fekk dei.
Ein turgåar oppdaga nemleg ein slik sykkel parkert i utkanten av Bryne sentrum sundag føremiddag.
Politiet er informerte om funnet.