Frå 20.00 til 21.40 stod utrykkingspolitiet i 60-sona i Øksnavarden i Klepp. Resultatet vart 13 forenkla førelegg, der høgaste fart var 81 kilometer i timen.

Etterpå flytta politiet seg til 80-sona i Opstadvegen på Varhaug. Her vart kontrollen utført to ulike plassar. Fem bilførarar køyrde for fort. Høgaste fart var 100 kilometer i timen.