I tida frå klokka 09:45 til 12:00 onsdag målte Utrykningspolitiet farten i Saltebakken sør for Bryne. Heile 12 førarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort.
Den som køyrde raskast av alle, blei målt til 82 km/t i 60-sona. Det kvalifiserer til det høgaste førelegget ein kan få utan at det blir straffesak ut av det: 9050 kroner pluss tre prikkar i førarkortet.
Førelegga er graderte etter kor mykje over fartsgrensa ein køyrer. Det «billegaste» i ei 60-sone – for å ha køyrt 1 til 5 km/t for fort – er på 850 kroner. Med heile 12 fartssyndarar, betyr det mange tusenlappar til staten etter fartskontrollen i Saltebakken.
Bryt du fartsgrensa med 26 km/t eller meir i ei 60-sone, blir førarkortet vanlegvis beslaglagt, og det blir oppretta eiga straffesak.