- Nei, det kunne eg aldri tenkt meg. Det er heilt sikkert. Det er faktisk det siste eg ville gjort, seier Kristine Vigre om retningsvalet til systera, helsearbeidarfaget

- Nei, eg er ei som treng å ha folk rundt meg, og nokon å snakka med. Eg kunne kanskje arbeidd deltid i butikk, men eg vil ha fysisk og psykisk arbeid, seier Birgitte Vigre om salsfaget.

Tvillingjentene frå Nærbø har forskjellege interesser, venar og arbeidsplass, men éin ting dei har til felles, i tillegg til at dei vart 21 år på tysdag, er at dei vart ferdige med fagbrevet i fjor. Kristine gjekk først to år sal, service og sikkerheit på Bryne vgs., før ho tok påbygg. Birgitte gjekk to år helse og sosialfag, før også ho valde å ta påbygg.

Bedrifta tok initiativ

- Eg ville ikkje studera. Eg visste heller ikkje kva eg skulle studert. Så eg valde å gå ut i jobb då eg fekk tilbod om det.

Kristine hadde gjort seg ferdig med skulearbeid, og ville heller jobba. Ho er ikkje i tvil om at det er praksisarbeidet ho lærde mest av, som elev ved Bryne vgs. Det var då ho var utplassert, ho fann ut at ho treivst med å stå i butikk.

Gjennom praksis i skulen hadde ho vore utplassert ved Bryne Ur og Gull, i første etasje på M44. Det var bedrifta som bad henne om å vera lærling hjå dei.

- Eg søkte på ei stilling, og etter kvart spurde dei om eg ville vera lærling, sidan dei visste eg ikkje ville gå vidare med skulen. For då var eg lei.

Kristine fekk godskrive eit halvt år. Ho seier ho trivst godt i jobben, der ho nå jobbar 100 prosent. Ho veit ikkje kva ho skal gjera vidare, men har fått tilbod om å arbeida vidare ei stund i butikken.

 

Bestod med glans

Kristine rakk å bli ferdig med fagprøva i byrjinga av desember, før julerushet sette inn for alvor. Birgitte gjorde seg ferdig med to år som lærling i Time kommune, i sommar. Begge tvillingane oppnådde «bestått meget godt» på fagprøva.

Birgitte seier det var skummelt å bli fotfølgt av to sensorar gjennom ein heil arbeidsdag, gjennom frukostlaging, stell og aktivisering av dei gamle. Dagen før hadde ho skrivedag, der ho gjorde greie for korleis ho skulle leggja opp arbeidsdagen. På den tredje dagen måtte ho evaluera eigen innsats. Heldigvis hadde ikkje dukka opp nokon større overraskingar.

I læretida var ho plassert eit halvt år i miljøtenesta i Vardheia, ved avdelinga for rehabilitering på Sivdamheimen, i heimesjukepleia og sjukeheimen der ho tok fagprøva, Bryneheimen. Ho har likt sjølvstendet som lærling, og få erfara at ikkje alt alltid går etter teorien. Men det har kjendest trygt å ha ein rettleiar ved kvar lærlingstad.

[faktaboks3137LF]

Vil bli ambulansearbeidar

Birgitte seier at det er godt å ha eit fagbrev å lena seg på, men at det er få faste stillingar å søkja på i kommunane. Dessutan har ho andre planar for kva ho skal bruka helsearbeidarfaget til.

- Eg treng ein dag utan faste rutinar, som utfordrar meg på alle måtar. I motsetnad til på sjukeheimen, der kvar dag er lik.

Ho har søkt seg til Trondheim, for å bli ambulansearbeidar, eit yrke ho har hatt «på agendaen heile livet». For 2-3 år sidan kom ho inn i Sauda, men då våga ho ikkje å flytta på seg. Nå tek ho påbygg, og kjenner seg klokare etter å ha teke fagbrev som helsearbeidar.

Det største fagopplæringsfylket

Tvillingane er to av i alt 457 lærlingar frå Jæren som fekk fagbrev i fjor. Hå kommune er best av jærkommunane, og kjem med 171 lærlingar på tredjeplass i sørfylket, etter Stavanger og Sandnes. Klepp hadde 148 lærlingar, medan Time hadde 132 lærlingar.

Rogaland er det største fagopplæringsfylket i Norge, med over 5000 lærlingar under opplæring til eikor tid. Under seremonien torsdag markerte fylkeskommunen at 2170 lærlingar i sørfylket greidde fagprøva i fjor.

- De er ein føresetnad for at samfunnet vårt kan fungera. Arbeidslivet i Rogaland klarer seg ikkje utan dei kunnskapane og de evnene som akkurat de har, sa Marianne Chesak, fylkesvararordførar og leiar av Yrkesopplæringsnemnda, i sin tale til fagarbeidarane.