Slåstkamp på Bryne: Ein til lege og ein til politiet

To personar slåst ved uteplass i Bryne sentrum natt til sundag.

DEL

Politiet måtte rykka ut til ein slåstkamp ved uteplass på Bryne natt til sundag. Meldinga til politiet var at ein person var slått ned.

Ambulanse vart tilkalla og kom til staden.

Ein person vart sendt til legevakt for sjekk, medan ein annan person måtte fjernast frå plassen og måtte bli med politiet til arresten. Begge dei involverte er i 20-åra.

Hendinga vart meldt frå om like før 01.00.

Artikkeltags