Utrykking til containerbrann

Vigrestad brannstasjon rykka måndag morgon ut til Sirevåg.

DEL

Det brann i ein container der det blei oppbevart verktøy og utstyr. Alt i containeren som brann, blei øydelagt.

– Det var aldri fare for at brannen skulle spreie seg, får Jærbladet opplyst frå brannvesenet i Hå.

Alarmen gjekk 07.38, brannen var sløkt like før klokka 08.00 Containeren stod parkert i Skoratua i Sirevåg.

Artikkeltags