Torsdag stod to saker om ein vegbom i Sannarvågen i Sirevåg på sakskartet til politikarane i Utval for tekniske saker og næring i Hå kommune.

Politikarane valde å utsetja begge to til neste møte og då leggja inn tid til ei synfaring.

Hå-politikarane har hatt denne saka på bordet sitt før. I 2016 vart det nemleg gitt løyve til å setja opp den omstridde bommen – som har som hovudføremål å hindra hytteinnbrot i vinterhalvåret. I sommarhalvåret står han open heile tida.

I ettertid har kommunen oppdaga at dette vedtaket er i strid med reguleringsplanen, som slår fast at det skal vera fri tilgang langs vegen for å sikra friluftsinteresser.

Derfor omgjorde Hå-politikarane hausten 2019 vedtaket frå 2016, og trakk dermed tilbake tillatinga til å setja opp bom. Samtidig har Sannarvågen velforening, som står bak bommen, fått varsel om at dei har rett til å søkja dispensasjon frå reguleringsplanen dersom dei framleis vil ha bommen.

Det gjorde dei, samtidig som dei klaga på vedtaket frå 2019. No er altså begge sakene utsett til neste møte i Utval for tekniske saker og næring, som er 5. mars.