Det ser ut til at me er samde om at City-eigarane er bad guys. Då står vi att med det snodige faktum at Pollestad aksepterer påstanden på Brann-fansen sitt banner, men likevelblei sint nok til å kasta Brann-trøya i søpla – fordi dømet som blir trekt fram, var Jærens lokale Messi(as).

Det får vera som det er, nuff said (og å forklara banneret med dei fire måla Brann fekk i trynet då Molde vitja Bergen sommaren 2018 er, om enn litt morosamt, noko på kanten).

Les også

Raudt kort, Svein F. Hestvaag

Når det gjeld spørsmålet om dobbeltmoral, fører Pollestad sin argumentasjon til ein slags Catch 22: Er du hekta på fotball, er du dobbeltmoralsk om du kritiserer eigarskap og blodpengar. Men samstundes er jo alle som er opptatt av eigarskap og blodpengar, i utgangspunktet interessert i fotball.

Ergo blir det umogleg å peika på problemet utan å – ut frå Pollestad sin logikk – vera dobbelmoralsk.

Det får halda. Lat meg bare, for husfredens skuld, legga til at eg i alle andre Bryne-kampar enn dei mot Brann, heier på Jærens superlag.

Les også

Gult kort, Geir Pollestad