Person slått på pub på Nærbø

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet måtte rykka ut til Nærbø etter meldingar om vald natt til sundag.

DEL

Meldinga gjekk på at ein person var slått av ein annan person på ein pub på Nærbø. Vektarane på staden fekk kontroll over situasjonen.

Då politiet kom fram, var den mistenkte gjerningsmannen gått.

Politiet kjenner namnet på vedkomande og har oppretta sak.

Politiet melde om episoden 00.13 natt til sundag.

Artikkeltags