Tok straumen før dei angreip

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Med finlandshetter og balltre gjekk mellom fem og åtte menn til angrep på ein 31-åring på Kvernaland torsdag kveld.

DEL

Angrepet skjedde heime hjå mannen.

– Dei maskerte mennene var berre på plassen ei kort stund, og dei tok straumen like etter at dei hadde gått inn i huset, opplyser Arild Oftedal, lensmann i Time.

31-åringen blei slått i hovudet, men fekk ingen synlege skader. Han hadde synlege skader etter slag på den eine armen.

– Ting i mannen sin leilegheit var også øydelagt, mellom anna nokre vinylplater og ein gitar, opplyser Oftedal.

Politiet arbeider for å finna ut kven inntrengjarane er.

Fem til åtte personar, kom i to bilar og var berre på plassen ei kort stund. Alle var iført svarte kler og finlandshetter.

31-åringen blei påført fleire slag. Han har ikkje sagt noko om eventuelt motiv for det som skjedde.

Artikkeltags