Han vart funnen død i senga, av det som ser ut som naturlege årsaker.

Sveinung gifta seg med Marita 31. august 2002, og saman har dei tre flotte barn.

Sveinung blei fødd 13. april 1975, og var yngst i ein syskenflokk på tre, oppvaksen på Reiestad.

Heime på garden fekk Sveinung utfalda seg. Målking var ikkje i Sveinung si greie, men alt dette rundt utanom å stedla var av stor interesse.

Å køyre traktor lærte han tidleg, og det blei den heilt store lidenskapen, i tillegg til det tekniske rundt på garden. Og da sjansen baud seg, så starta Sveinung opp sin eigen maskinstasjon. Med ny traktor og nytt utstyr så satsa han friskt på denne. I lågsesongen om vinteren då det var mindre å gjera, jobba han på Stavtjørn Skisenter.

I mai 1997 starta karrieren i IKM testing, og her har han jobba sidan. Med meir enn 25 år i selskapet, er det ikkje få platformar i Nordsjøen Sveinung har vore på jobb på.

4H og korps var den store interessa. I tillegg til stortromma, så spelte han også på pauker. Han var i si tid Jærens beste (og einaste) paukespelar.

Etterkvert så blei det BU (bygdeungdomslaget) som tok meir og meir av fritida. Sveinung hadde utallege verv som styremedlem, tevlingsleiar og leiar for Varhaug BU, samt verv i Rogaland BU. Ferien blei lagt opp etter når det var fylkesleir og landstemne.

Han engasjerte seg og tok vare på dei rundt seg. Gjennom BU traff han også Marita som han stifta familien med.

Sveinung hadde eit stort hjerta og likte å engasjera seg og gje av seg sjøl. Var det ting han brann for, så gjekk han all in. Var prosjektet litt «sprøtt» så passa det endå bedre.

Eit av desse var steinbukk i den nye rundkjøringa i Prestakrysset på Varhaug. For å få litt omtale og fortgang i saka, så kom ideen om å setja opp ein steinbukk til 17. mai. Dette blei selfølgeleg gjennomført med Sveinung i spissen. 17. mai-toget gjekk forbi, Jærbladet blei kontakta og ordfører fekk besøk 18. mai. Det gjekk ikkje lenge før den permante steinbukken kom på plass.

Sveinung viste god omsorg for dei rundt han. Han var forlovar til Svein, og stilte virkelig opp for familien hans. Dette er me alle evig takknemlege for. Tapet for oss vennar er stort. Trøystå blir å tenka på den gilde personen han var.

Tankane våres går til Oda, Sigurd, Sindre og Marita, som brått har mista sin gode far og mann.

Me står ilag med dykk i sorga.