Byggjestart for ny ungdomsskule på Bryne er bestemt

NY SKULE: Slik ser arkitektane føre seg Vardheia ungdomsskule.

NY SKULE: Slik ser arkitektane føre seg Vardheia ungdomsskule. Foto:

Time kommune har signert kontrakt med Jærentreprenør om totalentreprise for Vardheia skule, idrettshall og turnhall.

DEL

Kontrakten er på 276,4 millionar kroner og vart signert onsdag 3. juli. Planlagt byggjestart er 10. september 2019, og anlegget skal stå ferdig til skulestart hausten 2021.

Skulen er planlagt for 450 elevar frå 8. til 10 trinn, der halvparten av elevane skal vera frå Klepp og den andre halvparten frå Time.

Idrettshall og turnhall er eit interkommunalt prosjekt som både Klepp og Time sine innbyggjarar skal kunna nytta.

I kontrakten ligg det også inne eit uteområde som skal fungera både for skulen og som ein kvartalsleikeplass for området rundt.

I tillegg skal det leggjast ny vassleidning i Tinghaugvegen og det skal etablerast ny gang og sykkelveg på sørsida av Nordlysvegen.

Kontrakten vart signert onsdag 3. juli.

LES OGSÅ:

Artikkeltags