Drapstiltalte utagerte, retten måtte tilkalla helsepersonell

DISKUSJON: Tingrettsdommar Gunn Elin Lode (t.h.) måtte diskutera med advokatane etter at den tiltalte 18-åringen utagerte. På bildet ser me òg aktor Nina Grande, medforsvarar Aleksander Barkved Steinsvåg og forsvarar Tor Inge Borgersen. Bildet er tatt på eit tidlegare tidspunkt i rettssaka.

DISKUSJON: Tingrettsdommar Gunn Elin Lode (t.h.) måtte diskutera med advokatane etter at den tiltalte 18-åringen utagerte. På bildet ser me òg aktor Nina Grande, medforsvarar Aleksander Barkved Steinsvåg og forsvarar Tor Inge Borgersen. Bildet er tatt på eit tidlegare tidspunkt i rettssaka. Foto:

Dramatikk i tingretten då mora til Sunniva skulle vitna.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor. 18-åringen var til stades i rettssalen alle dei seks første dagane av rettssaka, men etter lunsj på den sjuande dagen kom han ikkje tilbake til sal 2 i Jæren tingrett.

Etter lunsjpausen tok mora til Sunniva Ødegård plass i vitneboksen, men ho måtte venta med å få avgi si forklaring.

På gangen utanfor rettssalen kunne ein sjå forsvarar Tor Inge Borgersen i samtale med tingrettsdommar Gunn Elin Lode. Ho kalla til seg aktor Nina Grande og sakkunnig psykiater Tor Ketil Larsen for ein kjapp diskusjon. Så kom Lode inn i rettssalen og orienterte om at retten måtte ta ein ny pause.

– Det er uklart om saka vil halda fram i dag, sa dommaren klokka 12.25.

Etter kvart kom det fram at den tiltalte 18-åringen hadde utagert på bakrommet.

– Me har vore førebudde på at noko slikt kunne skje, seier Nina Grande om at det tydelegvis blei litt for mykje for tiltalte.

Ho er glad for at det gjekk greitt å gjennomføra resten av dagen med tiltalte i eit naborom.

– Han har jo krav på å få vita kva som skjer i retten for å ivareta sitt forsvar, understrekar Grande.

Henta inn helsepersonell

Etter eit kvarter kom Lode tilbake og orienterte om at det vart ein ny pause på 30 minutt. Ho fortalde òg at den drapstiltalte 18-åringen skulle følgja dei komande vitnemåla via videooverføring til eit anna rom i tinghuset, med medforsvarar Aleksander Barkvåg Steinsvåg og helsepersonell frå Stavanger universitetssjukehus (SUS) saman med seg.

Den drapstiltalte tenåringen har vore innlagd på psykiatrisk avdeling ved SUS sidan slutten av mars. Ifølge Kristin Jørstad Fredriksen, overlege ved sikkerheitsposten ved sjukehuset, har 18-åringen valdspotensial og sjølvmordsrisiko. Derfor er det bestemt at han skal vera tvangsinnlagd i alle fall til over rettssaka, og han får tilsyn kvart femte minutt heile døgnet.

18-åringen har fått diagnosen paranoid schizofreni. Ifølge forsvarar Tor Inge Borgersen meiner dei at den tiltalte var psykotisk drapsnatta og at han ikkje kan straffast. Aktoratet meiner psykosen var sjølvpåført gjennom rus, og at den unge mannen dermed kan dømmast til fengselsstraff eller forvaring.

– Det er vondt å koma vidare

Bistandsadvokat Harald Øglænd stemna mora til Sunniva som vitne, mellom anna med tanke på krav om erstatning. Tidlegare i rettssaka sa tiltalte seg villig til å betala oppreisningserstatning til foreldra.

– Det har vore forferdeleg, fortalde mora då Øglænd spurde om ho kunne seia litt om korleis det har vore å mista dottera.

– Kva tenker du om tida framover? spurde bistandsadvokaten.

– Eg veit ikkje. Me må berre ta ein dag om gongen. Men det skal bli godt å få ei avslutning på det, sa mora.

– Det er tunge dagar. Det er vondt å koma vidare. Mykje minne som kjem fram heile vegen, fortalde mora til Sunniva.

– Fekk veldig mørk humor

Neste vitne var ein god kamerat av tiltalte. Kameraten fortalde at 18-åringen tidlegare var veldig aktiv, men etter at han begynte å rusa seg så var han meir og meir inne for seg sjølv. Etter kvart handla dagane stort sett om jobb og å sitja framføre datamaskinen.

– Han begynte å få mørkare og mørkare tankegang. Han fortalde meg at han ville kidnappa folk, og at det hadde vore løye. Han fekk veldig mørk humor, fortalde kameraten.

Vitnet opplevde at den då 17 år gamle Varhaug-guten gjekk omkring og var redd – utan at det var nokon tydeleg grunn til det.

– Han har alltid hatt kort lunte. Det skulle ikkje mykje til før han fraus heilt stilt og slo i bordet. Men han var aldri valdeleg, understreka kameraten.

Vitnet er ganske sikker på at tiltalte visste kven Sunniva Ødegård var.

– Snakka han nokon gong til deg om Sunniva? spurde Borgersen.

– Nei, det har han aldri gjort. Han har aldri nemnt namnet.

Mora til tiltalte var òg i retten og vitna. Ho fortalde at ho ikkje trur at sonen kjende Sunniva Ødegård.

Valdsvideoar og barneporno

Tidlegare på dagen måndag var det fokus på digitale spor. Politibetjent Martine Stene Pettersen har mellom anna sett på kva 18-åringen søkte etter på internett i tida før og etter drapet.

– Det er ikkje gjort nokon funn som viser kommunikasjon med Sunniva Ødegård, og heller ingenting som tilseier ein relasjon mellom dei to, understreka politibetjenten i retten.

Pettersen fortalde at morgonen etter drapet var ungguten innom Facebook, og han las òg fleire nyheitsartiklar om at politiet hadde funne ei ung jente død på Varhaug og mistenkte drap. Seinare på dagen såg han på same Netflix-serien som han såg på etter drapet og var innom ei erotisk dating-nettside.

I veka før drapet såg tiltalte fleire videoar som handlar om korleis politiet avslører seksualforbrytarar og korleis livet er i fengsel for seksualforbrytarar. Han såg òg på fleire grove valdsvideoar, mellom anna om to 16 år gamle gutar som prøvde å drepa ei 14 år gammal jente ved å skyta ho i bakhovudet.

I tillegg har han tidlegare søkt på Youtube etter filmar med titlar som «How to get away with a murder» og «Where to find child porn». Ungguten såg òg ein video som heiter «How to tell a girl you like her», og han søkte etter «How to talk to your crush», «How to talk to a girl» og «How to do well on a date».

Fleire av nettsøka til ungguten handla om korleis han kunne få tilgang til «The dark web», altså den skjulte – og veldig ofte ulovlege – delen av internett. Historikken på datamaskinen viser at nettlesaren Tor truleg har blitt lasta ned. Denne nettlesaren blir stort sett brukt til surfing på det mørke nettet, politiet har ikkje tilgang til eventuell søkehistorikk der.

Politiet har funne netthistorikk heilt tilbake til 2012 som viser at tiltalte jamleg har søkt etter videoar om tortur, drap og sjølvmord. Ifølge Martine Stene Pettersen var dette tilsynelatande tilfeldige søk innimellom vanlege tema som musikkvideoar og korleis laga musikk.

Ikkje kontakt på telefon

Politioverbetjentane Per Magne Løvaas og Finn Arve Paulsen forklarte seg om digitale spor, mellom anna frå mobiltelefonane til Sunniva Ødegård og tiltalte. Løvaas og Paulsen kunne opplysa om at det ikkje har vore kontakt mellom dei to tenåringane på telefon.

Frå 02.28 til 02.34 natt til 30. juli var telefonen til tiltalte ved Esso-stasjonen på Varhaug. Ein video frå eit overvakingskamera viser at han fyller bensin på ei brusflaske.

Klokka 03.11.49 var tiltalte tilbake i heimen sin. På dette tidspunktet var den døde jenta funnen, og innan kort tid vart det slått full drapsalarm.

Nå blir det pause i retten til måndag 3. juni, sidan ein av dei rettsoppnemnde sakkunnige er oppteken med ei anna rettssak denne veka. Måndag skal dei sakkunnige, ein psykolog og ein psykiater, forklara seg. Deira konklusjonar blir truleg sentrale når aktoratet og forsvararane skal ha sine avsluttande prosedyrar tysdag 4. juni.

Artikkeltags