18-åringen søkte etter barneporno, valdsvideoar, brannstifting og dating-tips

DAG 7 I TINGRETTEN: Måndag føremiddag var fleire politivitne på plass i Jæren tingrett for å forklara seg om tekniske spor.

DAG 7 I TINGRETTEN: Måndag føremiddag var fleire politivitne på plass i Jæren tingrett for å forklara seg om tekniske spor. Foto:

Politiet finn ingen spor etter kommunikasjon mellom drapstiltalte og Sunniva før drapet.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor. Det er i utgangspunktet sett av ni dagar i Jæren tingrett til rettssaka.

Politibetjent Martine Stene Pettersen var første vitne på dag sju – måndag. Pettersen hadde i oppgåve å gå gjennom innhaldet på to datamaskinar, mobiltelefonen til 18-åringen og kontoane hans i sosiale medium. Ho har òg mellom anna sett på kva han søkte etter på internett i tida før drapet, sjølve drapskvelden og natta etter drapet.

– Det er ikkje gjort nokon funn som viser kommunikasjon med Sunniva Ødegård, og heller ingenting som tilseier ein relasjon mellom dei to, understreka politibetjenten i retten.

Las om drapet neste morgon

Tidlegare har det kome fram at 18-åringen angreip den 13 år gamle jenta med ein hammar cirka klokka 22.45 søndag 29. juli. Etter det første slaget slepte han Sunniva til ei steintrapp ved ein bustad, like ved grusstien der han trefte på henne. Både i retten og i avhøyr har drapsmannen fortalt at han slo eitt slag ved grusstien og to nye slag i trappa etterpå.

Etterpå sykla ungguten heim, tok seg ein dusj, før han gjekk på rommet sitt og høyrde musikk og såg film.

Internettspora viser at klokka 23.59 starta tiltalte å sjå ein serie på Netflix. Det er så registrert aktivitet på datamaskinen hans fram til klokka 01.11.

Seinare gjekk den då 17 år gamle guten tilbake til åstaden og flytta den døde jenta ut på grusstien, der ho vart funnen klokka 03.09. Etter dette såg han på ulike videoar på Youtube, mellom anna musikkvideoar, frå klokka 03.25 til 05.05.

Neste morgon var han mellom anna innom Facebook, og las òg fleire nyheitsartiklar om at politiet hadde funne ei ung jente død på Varhaug og at dei mistenkte drap. Seinare på dagen såg han på same Netflix-serien som etter drapet og var innom ei erotisk dating-nettside.

Såg video om livet i fengsel

I veka før drapet såg tiltalte fleire videoar som handlar om korleis politiet avslører seksualforbrytarar og korleis livet er i fengsel for seksualforbrytarar. Han såg òg på fleire grove valdsvideoar, mellom anna om to 16 år gamle gutar som prøvde å drepa ei 14 år gammal jente ved å skyta ho i bakhovudet.

I tillegg har han tidlegare søkt på Youtube etter filmar med titlar som «How to get away with a murder» og «Where to find child porn». Ungguten såg òg ein video som heiter «How to tell a girl you like her», og han søkte etter «How to talk to your crush», «How to talk to a girl» og «How to do well on a date».

Fleire av nettsøka til ungguten handla om korleis han kunne få tilgang til «The dark web», altså den skjulte – og veldig ofte ulovlege – delen av internett. Han søkte òg opp «How to set a house on fire».

Historikken på datamaskinen viser at nettlesaren Tor truleg har blitt lasta ned. Denne nettlesaren blir stort sett brukt til surfing på det mørke nettet, politiet har ikkje tilgang til eventuell søkehistorikk der.

Fann ingen spor etter hacking

Politiet har funne netthistorikk heilt tilbake til 2012 som viser at tiltalte jamleg har søkt etter videoar om tortur, drap og sjølvmord. Ifølge Martine Stene Pettersen var dette tilsynelatande tilfeldige søk innimellom vanlege tema som musikkvideoar og korleis laga musikk.

Tiltalte har tidlegare forklart at søk etter overgrepsbilde og -videoar er eit resultat av hacking, og at han ikkje har gjort dette sjølv.

Politioverbetjent Jarle Thorsen frå Datakrim-avdelinga i Sør-Vest politidistrikt har undersøkt PC-ane til 18-åringen. Thorsen kunne i retten opplysa om at han ikkje har funne spor etter virus eller hacking, sjølv om han ikkje kan utelukka det heilt sikkert.

– Men på bakgrunn av dei undersøkingane som er gjort, vil eg seia at det er svært usannsynleg, opplyste politioverbetjenten.

Politioverbetjentane Per Magne Løvaas og Finn Arve Paulsen forklarte seg så om digitale spor, mellom anna frå mobiltelefonane til Sunniva Ødegård og tiltalte.

Løvaas og Paulsen kunne opplysa om at det ikkje har vore kontakt mellom dei to tenåringane på telefon.

Frå 02.28 til 02.34 var telefonen til tiltalte ved Esso-stasjonen på Varhaug. Ein video frå eit overvakingskamera viser at han fyller bensin på ei brusflaske.

Klokka 03.11.49 var tiltalte tilbake i heimen sin. På dette tidspunktet var den døde jenta funnen, og innan kort tid vart det slått full drapsalarm.

Seinare måndag skal mellom anna mor til Sunniva og mor til tiltalte forklara seg i retten.

Artikkeltags